NESTE KAMP: 

Søndag 5. september kl 1800

Sotra 2 - TBFK

Straume

 

TRENINGSTIDER KROHNSMINDE 2010: 

Mandager kl 1945-2115.

Onsdager kl 1730-1845. 

 

Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Kalandseid - TBFK 1-7 Skriv ut
mandag 17. august 2009 22:37

Det vart ein fullt fortjent seier til Tornado Bergen på Kalandseid Idrettsplass i dag. Grunnlaget for seieren vart lagt dei første 25 minutta av førsteomgangen. Då leda vi 5-0 etter mål av Endre, og to kvar frå Rune S. og Ronnie. Etter denne åpninga, vart resten av kampen eit lite anti-klimaks, men 7-1 seier må vi seie oss godt nøgde med. Dei to siste måla vart såtte inn av Rune og Sten Are. 

 

Troppa til dagens kamp

Øverst frå Venstre: Kenneth, Ole, Jon Edgar, Kenneth T., Ronnie, Øyvind H., Øyvind B., Olav, Frode og Eivind L..
Nederst frå venstre: John Arne, Sindre, Rune S., Sten Are, Trond, Endre og Terje
.
Eivind I. kom ikkje før kampstart, og Runar var fotograf.

 

Les mer …
 
TBFK tippar PL. Skriv ut
søndag 16. august 2009 23:26

Denne helga var det seriestart i England. Som alle andre ”seriøse” medier, skal vi gje dåkke fasiten, og fortelje kordan slutt-tabellen vil bli sjåande ut. Ein ting er ivertfall sikkert, det er ikkje lenger snakk om ”dei fire store”. Eit av desse laga vil stå for fall…

 

 


Blir det endeleg ein jubelsesong for Spurs?

 

Les mer …
 
10. serierunde Skriv ut
fredag 14. august 2009 09:07

Mandag 17.08 kl. 20.30 er det duka for første kamp etter ferien. Motstandar er Kalandseid, og kampen går på Kalandseid Idrettsplass. Det ser ut til at vi kjem med full tropp, totalt 18 mann, til denne kampen. Trenarteamet har endå ikkje plukka ut dei 18, men vi vil uansett ha ei god tropp i morgon.

 

 

 

KALANDSEID IL 

TORNADO BERGEN FK 

Kalandseid Idrettsplass, mandag 17/8 kl. 20.30

 

Les mer …
 
Treningsrapport Skriv ut
torsdag 13. august 2009 07:31

I går var det igjen trening på Stavollen. Gledeleg var det at studentane no er tilbake i byn, samt fleire av dei nye spelarane vi har knytta til oss i løpet av sommaren. I tillegg er fleire spelarar tilbake etter skade. Dermed var vi heile 18 mann på trening, og det skal vi være godt fornøgde med. Vi har heilt klart fått ein sterkare stall, og det vil merkast når kampane no startar opp igjen.

 

 

 

 

Bjarte Kvalheim frå Vedvik er ein av spelarane som blir med framover. 

Sindre "Torres" Kvalheim er tilbake frå studieopphold i Leeds. Han spelte 2007-sesongen for TBFK før han reiste til England. Har 16 kampar og 16 mål for klubben. 

Eirik Holvik er ikkje klar for klubben, men har flytta til byn. Blir med oss å trene framover, og det å ha spelarar frå topp 3. divisjon vil utvilsomt heve nivået på treningane. 

 

Les mer …
 
Flytting av kamp Skriv ut
tirsdag 11. august 2009 13:55

Kampen mot Kalandseid som skulle vært spelt fystkommande fredag, er flytta til mandag den 17.08 kl. 19.00. Kampen går på Kalandseid Idrettsplass, og oppmøte er kl. 18.15.
Viktig at alle går inn på Google-docs og melder frå om dei kan eller ikkje. På grunn av flyttinga, blir det derfor trening som vanleg på fredag.
 

 
Målaksjer Skriv ut
torsdag 06. august 2009 08:30

Etter halvspelt serie, kan det være spennande å sjå kordan målaksjene ligg an. Vi har skåra 36 mål i første halvdel av sesongen, og gjentar det seg i siste halvdel, vil vi ende på 72 mål. Då vil fem stykker dele premien.

Asgeir Furnes

72

John Arne Lillestøl

72

Johnny Bakke

72

Victor Myhre

72

Ørjan Refvik

72

 

No har vi sjølvsagt eit håp om at høstsesongen vil bli beire for vår del, og dermed skåre fleire mål, men man veit aldri...
Uansett kan man følge med på lista over målaksjonærar
her:

 
Treningsrapport Skriv ut
torsdag 06. august 2009 07:48

Sidan det er litt over ei veke til første seriekamp etter ferien, er det godt å komme igang med trening igjen. I går var det tretten mann på trening på Stavollen, og det var utan studentar. Frå og med neste veke er det fleire som ventast til byn, og det lovar bra for høstsesongen. Samtidig håpar vi at ein del av den eldre garde også har mulighet til å hive seg med framover.

Vi har også blitt kjent med fleire nye spelarar etter ferien. Dei har markert seg på treningane, og vil være nyttige tilvekstar for oss framover.

 

TROND SANDAL

 

ERIK EIDE

 

RUNE SOLVANG

Ny student som har flytta til byn. Etter fleire sesongar for Skavøypoll, vil han bli ei god forsterkning for TBFK.

Har etter eige utsagn ikkje spelt fotball sidan Norway-cup i 1997. Men i motsetning til dei fleste andre i TBFK er han i beire form i dag enn i 97. Kjem til å bli ein nyttig spelar for oss. 

Etter å ha gått mykje skada i Fana, vil han no trappe ned, og trenar med TBFK. Har vist klasse på treningane, og hold eit mykje høgre nivå enn vi er vant til. Er mulig han blir med oss utover høsten, men det ryktast at fleire klubbar er ute etter han...

Les mer …
 
Sommarferien over Skriv ut
mandag 03. august 2009 08:16

Etter nokre veker med sommarferie, er det no på tide å starte opp igjen. Etter ein vårsesong litt under forventningane, har vi eit håp om å klatre på tabellen utover høsten. Sånn det ser ut i dag, er spelartroppen inntakt, og fem nye er på vei inn i dette transfervindauget. Med fleire folk på treningar, og kampar, vil vi stå beire rusta når sesongen sparkast igang igjen den 14.08 kl. 19.00.

 

Minner igjen om treningstidene:

  • Onsdagar på Stavollen kl. 20.30 - 22.00
  • Fredagar på Krohnsminde kl. 18.45 - 20.00


Vi satsar på meir jubel utpå høsten...

Les mer …
 
Tornado Bergen - SK Mann 3-3 Skriv ut
søndag 14. juni 2009 19:01

Heller ikkje i dag vart det tre poeng for TBFK. Sjølv om vi spelte ein god kamp, vart sluttresultatet 3-3. Måla våre vart skåra av Eivind x2 og Sten Are.

 

Øyvind B. og Øystein gjorde ein god kamp i dag,
men vart desverre ikkje tre poeng...

Les mer …
 
Tornado Bergen - SK Mann Skriv ut
lørdag 13. juni 2009 20:41

Søndag kl. 16.00 er det siste seriekamp før ferien. Motstandaren er SK Mann, og kampen går på Åstveit Idrettsplass. For første gang på lang tid, stiller vi med ei stor tropp til kampen. Heile 16 mann har meldt seg klare til kamp. Etter ein svak periode med kun eitt poeng på dei fire siste kampane, håpar vi no trenden skal snu.


John Kåre er klar igjen etter nokre kampar ute.

Les mer …
 
«StartForrige12345678910NesteSiste»

Side 9 av 13