Ny Krohnborg 3-5 Tornado Bergen

 

Langbilde finale tbwl

Denne fredagen viste solkysten seg frå si beste side. Det skulle ta litt meir tid utpå fredagskvelden før TBFK virkelig våkna, og når dei først gjorde det; Du verden for ei heilomvending.
Forrige møte mot NK var i gruppespelet i TBFK Winterleauge , der NK vant knepent 1-0.

Som sagt so var det ein kjempefin fredagskveld i Bergen by, solskinn og vårstemning. TBFK gjekk ut i ein nykomponert 4-3-3 formasjon. Om den var heilt forstått kunne ein lure på i byrjinga av kampen. Allereie etter 6 minutt var NK gjennom og åleine med keeper og 1-0 kom i blokka. Var vi ikkje sugne på revansje frå førre møte? TBFK pleie, historisk, å vere seige ute av startblokka, inget unntak i kveld.

Dei kommande minutta vart det mykje klabb og babb utan at kampen satt seg heilt.  NK var stadig farlege på sine overgangar, men TBFK demra godt opp.
Etter vel 20 minutt kjempa TBFK til seg ein corner; Aabrekk med sin dødelege presisjon er fast dødballtakar. På bakre vinner Håvard Nygård duellen og headar inn 1-1!
Tilbake til start. Kunne vi få til spelet vårt?

Resten av 1.omgang var ikkje so mykje å skrive for TBFK sin del. Det blei mykje klabb og babb utan at det resulterte i noko å skrive heim om.
NK får enkelt trille ballen gjennom laget, og NK-spelar får gå nokså utpressa gjennom, heilt til keeper og setter 2-1.

3-1 kjem omtrent på same måte. Dårlig press, og NK-spelar får prikka inn 3-1. Kan ikkje den pause berre komme? Det var vondt å sjå på frå sidelinja, og skulle dette bli ein skikkelig skrell? Det var lite før kampen som skulle tilseie dette, og med bakgrunn i prestasjonane i vinter so skulle vi heilt klart kunne prestere på eit anna nivå enn det som foregår utpå matta.

Pausa kom. Det blir gjort grep, taktisk sett. Vi får over til god gammal 4-4-2. Laget blir einige om nullstille og starte med blanke ark.

Johnny kjem ut for Eivind i starten av 2. omgang.
Det skulle fort vise seg at laget gjorde som bestemt. Dei var nullstilt og framstod som om dei første 45 minuttane ikkje hadde skjedd. Brystkassa fram og trøkka til i duellane.  Spelet flaut fint frå forsvar og opp, enten via kant eller flotte gjennombruddspasninga til ein Erlend som hadde fått has på turboen sin.
3-2 kom etter ein ny corner frå Aabrekk. Ballen går via-via før den kjem ut mot straffefeltet. Der står Ørjan klar med gullfoten og klinka til.
Ny kom ein ny giv over laget.

Spelet forsatte å gli fint. NK var også farlege på sine overgangar som stadig vekk hadde mange i angrep.

3-3 kom ved at Eivind flikka igjennom til Erlend som fossar i vei. Ballen spretter, gjerne litt kjinki, og Erlend vurderte til at her spelar eg over ein keeper som er på vei ut. Ballen går over keeper, men kula har ikkje nødvendigvis den farten for å gå direkte i mål. Heldigvis kjem Summen kjempande etter og krangla ballen i mål. TBFK er tilbake, der vi skal vere.

NK er meget farlege på innlegg og dødballar, spesielt med stopparen deira som sjølv underteikna ville slete mot i lufta.

Erlend, med sin nevnte overhala turbo, var nok ein gong frampå der han sliter seg ifrå forsvaret til NK. Han blir felt, og straffa blir blåst. No stiger spenninga, bekymringa, dei nervøse trådane rykker i kroppane på sidelinja. Skal vi snu heile kampen, også resultatmessig?

Aabrekk stiller seg opp til å ta straffa. Bang, 3-4!! Plasserer den fint til høgre for keeper.

Det blir gjort nokre bytter, men eg ana ikkje nårtid desse skjedde. Vertfall kom Freddy inn på venstrekanten og Bakke gjekk ut. Ole-Mathias gjekk også ut for Thomas. Ole M kom også innpå igjen når Runar måtte ut med krampe i sluttminuttane. Men inn i alt det her, so vart det også scora mål. Aabrekk som hadde ein fenomenal 2.omgang fossar igjen oppover høgresida og passerer fisefint forsvarsspelaren til NK før han vender snuten mot mål. På skrått hold bankar han inn 3-5 i nettaket. F-A-N-T-A-S-T-I-S-K!!

Resten av kampen går og laget, TBFK, viser seg frå ei side som er heilt fantastisk å sjå på. Vi vinner 3-5 og årets første tre poengar er innkassert, samt nokre kroner i målaksjar ☺ Samtlege skal vere fornøgd og skal krediterast for ein fantastisk 2.omgang.

 

IMG_20150417_200254

 

-Tommy-

Legg igjen en kommentar.


five + = 11

Du kan bruke disse HTML-taggene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>